tirsdag 8. september 2015

Informasjon om prosjekt Memoar. Takk Bjørn Enes


Munnlege foretljingar er også bevaringsverdige!


Organisasjonen Memoar (www.memoar.org) arbeider for å "fremje ein kultur for å ta vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv."   Hovedfokus er lyd- og videoopptak - både at mange skal lage slike opptak, og at det offentlege arkivverket skal ta ansvar for å bevare og forvalte dei.

Organisasjonen vart stifta i Bergen sommaren 2015, men er open for medlemskap i heile landet.

I Bergen arbeider dei for å få etablert eit kommunalt intervjustudio og eit videoarkiv som alle innbyggarar kan bruke gratis. Studio skal innreiast i hovudbiblioteket, videoserveren skal plasserast hos Byarkivet. Det er god von om at i alle fall studio skal kome i drift alt i haust.

Memoar er i gang med å utvikle eit kurs om minneopptak på video. Det vil bli køyrt i samband med opninga av studio i Bergen, og etter det vil det vere tilgjengeleg for andre interesserte landet rundt.

Organisasjonen er i full gang med å byggje opp eit nettverk av samarbeidspartnarar både blant frivillige organisasjonar, kulturverksemder, sivilsamfunnet elles, offentlege arkiv/bibliotek/museum  og forskingsmiljø. Framdrifta vert rapportert på organisasjons-nettsida www.memoar.org.  

Memoar meiner på ingen måte at videoopptak kan erstatte skriftlege livsforteljingar. Snarare tvert om: Eit skrivearbeid kan ofte bli inspirert av eit videointervju. Og eit videointervju kan vere ein veldig god interessevekkjar for boka, når den er ferdig. Eit godt døme på det  er Gunn Marit Sæbø Meyer si forteljing om arbeidet med ei bok om tuberkulosen i Sunnhordland. (Sjå intervjuet på publiseringsnettsida www.memoar.no)

Det er dette samspelet mellom skriftlege og munnlege forteljingar som gjer Memoar interessert i samarbeid med Tekstuniverset.

Bergen 4/9-15 - Bjørn Enes, Memoar

Ingen kommentarer: